KVALITET: 

Vi lovar høg kvalitet på produkta du bestiller hjå oss.
På kortproduksjonen bruker kun kvalitetspapir i ulik tjukkelse tilpassa ditt produkt. Er du ikkje fornøgd med kvaliteten med anten papirprodukt eller andre produkt du har bestilt hjå oss, ber vi deg ta kontakt slik at vi kan rette opp i dette så fort som mogeleg. 


PRISAR: 

Alle prisar er i norske kroner og vises inkl. meirverdiavgift. Totalkostnaden for kjøpet i tillegg til evt. fraktkostnad finn du i handlekorga før du godkjenner kjøpet. F

BESTILLING: 

Når du trykker "Gå til betaling" i handlekorga, bekrefter du at du har lest våre betingelsar. Du bekrefter at stavemåte og innhald er korrekt, at du er fornøgd med dokumentoppsettet og du forstår at alt ansvar for formateringa ligg på deg som kunde. Det er ikkje mogeleg å gjer endringar i bestillinga etter at ordren er lagt inn og du som kunde tek 100% ansvar for typografiske, formaterings- og designfeil. Vi gjer oppmerksom på at fargar kan avvike noko mellom bilde på skjerm og ferdig trykte produkt, dette er fordi mobil- og dataskjermar kan vere forskjellig kalibrert. Vi forsikrar deg om at våre skjermar alltid er kalibrert korrekt og gjer vårt ytterste for at fargar skal bli korrekt. 

Ein ordre er gyldig når e-post med ordrebekrefting er motteken av kjøpar.

BETALING: 

Kortlevert AS tilbyr forskjellige betalingsløysingar gjennom Netaxept.
 

Kortbetaling: Velg mellom Visa, Mastercard og Maestro

Vipps: Betal enkelt med telefonen. Når du velger Vipps som betalingsmåte, blir du bedd om å fullføre betalinga i Vipps - akkurat som når du betalar med Vipps andre stader.

Faktura: Faktura går gjennom AfterPay. Det er ingen gebyr og du får fakturaen sendt til e-posten din. For å benytte deg av denne tenesta må du oppgi personnummer og det blir gjort ein kredittsjekk. Krav for å bruke AfterPay er at du er over 18 år og busett i Norge. Du kan ikkje ha betalingsanmerkningar.

Når du velger denne betalingsløysinga blir alle faktura overdratt til AfterPay og all betaling skal skje til dei, som anvist på fakturaen. Betalingsvilkår er 14 dagar og det blir sendt ut inkassovarsel ved for sein betaling i ordinær post, saman med påløpt purregebyr. Vidare blir fakturaen sendt til inkasso dersom betalinga uteblir.

Du kan lese meir om vilkåra til AfterPay på www.afterpay.no/vilkar

 

         


LEVERING: 

Bestiller du før midnatt, sender vi ordren innan 1-3 virkedagar. Sendetid avhenger av kvar du bur men tek normalt 1-5 dagar. Alle varer som vert bestilt via Kortlevert.no sendes frå vårt trykkeri Printfarm AS, Nedre Storøyni 2, 6884 Øvre Årdal. Når varene vert sendt i frå oss, mottek du ein SMS eller e-post med sporingsnummer. Du kan også hente varene hjå oss måndag til fredag kl. 8.00 og 15.30.  

ANGRERETT, REKLAMASJON OG MANGLAR: 

Angrerettlova gjeld ikkje for varer som er bestilt med kundetilpasning. Angrerettlova gjeld kun ved forbrukarkjøp som statiske produkt (produkt som ein ikkje kan personalisere). Klede med kundetilpasning er også personalisering av produkt. 

Vi anbefalar at du tek kontakt med oss før du returnerer varer slik at vi kan sende deg eit angrerettsskjema og kan deretter love deg god oppføljing. 

Når du skal returnere varer skal det pakkast forsvarleg slik at det ikkje blir påført skader under returen. Hugs at du som kunde har ansvar for vara heilt til fram til den er på plass hjå oss. Vara skal returneres i same stand og mengd som du mottok den. Kunden dekkar returkostnadane og vi anbefalar at du sender vara som sporbar sending. 

Vi tek alle klager alvorleg og vil gjer vårt ytterste for å rette opp i saka dersom feilen skuldast Kortlevert.
Reklamasjonsfrist er 10 dagar frå kunden har motteke vara. 

Ved manglar i ordren skal Kortlevert ordne opp og iverksetje tiltak så snart Kortlevert får kjennskap til dette. Dersom du sjølv prøver å rette opp i mangeleg utan avtale med Kortlevert, må du sjølv dekke evt. utgifter. 

UAVHENTA PAKKER:

Dersom du ikkje henter pakken din på evt. postkontor, får du tilsendt faktura for varene - dette gjeld kundetilpassa produkt. Dersom det er varer som kan selges vidare (uten kundetilpasning) vil du bli fakturert for frakt begge vegar og eit gebyr for brot på avtalen. 

OPPHAVSRETT: 

Alt innhald på Kortlevert sine nettsider tilhøyrer Kortlevert. Det betyr at alt i frå firmanavn, varemerker, produktnavn- og info, omtalar, bilder, design og anna innhald ikkje kan kopieres, lastes ned eller bli brukt utan at det er godkjend skriftleg av signaturfullmektig i Kortlevert. 

ANNA INFO: 

Farge kan avvike noko mellom bilde på skjermen og vara. Dette er er heilt vanleg då fargen vil vere ulik frå skjerm til skjerm (både data og telefon). 

FØRETAKSINFO: 

Kortlevert.no er registrert som eit aksjeselskap under føretaksnavnet Kortlevert AS

Org.nr. 921 777 310 
Besøksadresse: Nedre Storøyni 2, 6884 Øvre Årdal (vi deler lokaler med Printfarm). 
Postadresse: Nedre Storøyni 2, 6884 Øvre Årdal


NB! Vi tek atterhald om skrivefeil og evt. prisendringar i desse betingelsane.