Last opp eige design

Du kan enkelt designe dine eigne trykksaker i favorittappen din og deretter bestille dei hjå oss!

Slik klargjere du filer:
1. Pass på at fila du lagar samsvarar med våre standardstorleikar
      Du finn storleikar i priskalkulatoren på produktet du ønskjer i nettbutikken vår
      NB! Det er viktig at storleiken samsvarar slik at du får konvoluttar som passar.
2. For å klargjere fila til trykk må du velgja PDF-utskrift, huka av forbeskjærinsgmerker og utfall og velgja fargeprofilen CMYK

Slik bestiller du:
1. Gå til produktet du skal bestille
2. Velg riktig storleik, antall og papirtype i priskalkulator
3. Klikk på last opp eige fil
4. Last opp fila og legg produktet i handlekorga

Har du laga bordkort i ein eigen app? Du kan enkelt laste det opp hjå oss.

Slik klaregjere du fila:
1. Sørg for at storleiken på bordkortet samsvarar med våre standardmål.
    Du finn riktig mål i priskalkulatoren på produktet "bordkort".

     Bretta bordkort: Fila må vera 90x100 mm. Den nederste delen blir framsida av kortet og den øverste blir baksida (denne må vere oppned).
     Flatt bordkort: Fila må vera 90x50 mm.

2. Når du lagar bordkort med namn, må du duplisera sida i appen du brukar og skriva inn nytt namn per side.
     Når du har lagt inn alle namna, kan du gå vidare til steg 3.
3. For å klargjere fila til trykk må du velgja PDF-utskrift, huka av for beskjærinsgmerker og utfall og velgja fargeprofilen CMYK


Slik bestiller du:
1. Gå til produktet du skal bestille
2. Velg riktig storleik, antall og papirtype i priskalkulator
3. Klikk på last opp eige fil
4. Last opp fila og legg produktet i handlekorga

Levering

Har du venta lenge på pakken din? Det kan vera fleire grunnar til at pakken din ikkje har dukka opp.
Det kan blant anna vera forsinkingar i postgang eller feil i leveringsadressa. 

Pakke i postkasse blir rekna som brevpost og blir difor levert annankvar dag.
Måndag/onsdag/fredag eine veka, og tysdag/fredag neste veke. Leveringstida er omlag 2-4 arbeidsdagar.
NB! Helg og heilagdagar reknast ikkje som arbeidsdagar.

Sjekk gjerne sporing av pakken på "min side".

Dersom pakken din ikkje dukkar opp, ta gjerne kontakt med oss på post@kortlevert.no

Kortlevert har to fraktalternativ. Begge følgjer med sporing.

PAKKE I POSTKASSE
Dette blir rekna som brevpost og blir levert på omlag 2-4 arbeidsdagar.
Pris per pakke er kr. 99,-
Dette valet passar for dei fleste sendingar - utanom plakatar og skilt.

PAKKE TIL HENTESTED
Dette alternativet har rask levering og kjem til ditt nermaste postkontor.
Pakken blir levert på omlag 1-2 arbeidsdagar i store delar av landet.
Pris per pakke kr. 189,-
Dette valet passar for deg som ønskjer pakken raskt, har valgt plakatar eller skilt.

Du kan følgja statusen på bestillinga di ved å logga deg inn på kontoen din og klikka på bestillingar
Her finn du også sporingsnummer når pakken din er på veg til deg.

Me trykker og sender pakken din frå oss ila. 1-3 arbeidsdagar etter at du har bestilt.
Postgang reknast utanom vår produksjonstid.